Jondal

Svåsand - Vassenden

  • Ved stølen Klepp
  • Oversiktsbilete over Stølen Klepp
  • Ved Vassenden
  • Stopp for å fiske litt ved Stokkamyr
  • Send oss en epost

  • +47 480 70 777

Fottur i varierande terreng og stigningsgrad til Vassendvatnet.

Startpunkt

Ta av frå veg 550 i Svåsand, på ein gardsveg der det står informasjonstavle og turskilt til Vassenden. Har du bil, køyr denne vegen opp til gardstunet, eller parker ved hovudvegen. Det er ikkje gode parkeringsplassar ved hovudvegen eller i gardstunet. Ved parkering i gardstunet må du avtala med dei som bur der. Parkering på eige ansvar.



Om turen

Følg gardsvegen forbi gardshusa og over på traktorveg. Dersom du opnar grinder må du hugse å lukke dei. Når du har passert husa i Dalen står det eit retningsskilt. Herifrå er det sti med varierande stigningsgrad opp til stølen Klepp. Vidare går stien i lett skogsterreng (litt myrlendt) til du kjem fram til grusvegen som går opp til Vassenden. Ved Vassenden finn du informasjonstavle.



Parkering: Sjå under "startpunkt"



Pakreringsavgift: gratis



Lengde: 4,5 km



Total gangtid: 4 timar



Sesong: april - november



Vanskegrad/gradering: Blå, middels


  • Sommer
  • Vår

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS