Lom

Teigen gard

  • Send oss en epost

  • +47 91123116

  • Sognefjellsvegen 282

    Lom, Innlandet

    Vis i kart

Teigen gard ligg nær Lom sentrum, midt i fjellriket. Garden er eit godt utgangspunkt både for friske fjellturar til fots eller på ski i Jotunheimen, eller om de ynskjer spennande aktivitetar og smakfulle matopplevingar i Lom sentrum.

Berre 2,8 km vest for Lom sentrum ligg Teigen gard, eit perfekt utgangspunkt for fjellturar i Jotunheimen eller spennande opplevingar i Lom. På garden kan du overnatte i det trivelege stabburet med stove, kjøkenkrok, bad og fire sengeplassar. Teigen gard leiger òg ut småbruket Brekkøye i Bøverdalen og Brekkøysetra – ei ekte seteroppleving 900 moh. Brekkøye småbruk er ein idyllisk gard i Bøverdalen, 11 km vest for Lom sentrum. Huset har innlagt straum og vatn, og det inneheld stove, kjøken, to soverom med til saman 4 sengeplassar, bad med dusj, og det er utedo i nærleiken av huset. Ved inngangspartiet er det ein romsleg platting med utemøblar. På seterstulen Hovde er det mogleg å overnatte på Brekkøysetra, som ligg lunt og fint til 900 m.o.h. Setra ligg 23 km. vest for Lom sentrum, og her kan du finne roa i enkle og trivelege omgjevnader. Seterhuset har kjøken med gasskomfyr, stove med sofakrok, spisebord og vedomn, og soverom med 3 sengeplassar. I bekken som renn rett utanfor setra finn du friskt og godt fjellvatn.

Kilde: Visit Jotunheimen AS