Stord

Tursti rundt Ådlandsvatnet

  • Ådlandsstranda ved Ådlandsvatnet og turvegen
  • Flott utsikt frå turvegen rundt Ådlandsvatnet.
  • Turen rundt Ådlandsvatnet er 6 km
  • Turvegen er populær både til jogging og turgåing.
  • Ein av turstiane som fører til Ådlandsvatnet
  • Idyll ved Frugarden - i starten av Ådlandsvatnet tursti
  • Turveg ved Ådlandsvatnet på Stord
  • Besøk nettsiden

  • +47 53456790

Flott turveg på 6 km rundt Ådlandsvatnet på Stord. Passar for heile familien.

Flott turveg rundt Ådlandsvatnet. Ein del av vegen er på grus, noko på sti og noko på asfalt. Området er populært å jogge i.

Runden rundt Ådlandsvatnet er 6 kilometer. Ein del av vegen går like ved Ådlandsvatnet, medan noko av traseen er i skogsterreng. Flott grusveg stort sett heile vegen.

Det er lys langs vatnet frå kl 06 om morgonen til dagslyset kjem, og frå skumringa til kl 23.

Du kan starte på fleire stader.

Ved Frugardselva (like ved Stord kyrkje) kan du gå ca 800 meter oppover langs elva før du kjem til Ådlandsvatnet. Dette er ein idyllisk tur med fine naturopplevingar.

Parkering

Parkering under brua ved Stord kyrkje, ca 700 m frå Leirvik sentrum.

Løypa passar for heile familien.

    Kilde: Region Sunnhordland