Rosendal

Tursti til Myrdalsvatnet

  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 53484280

Tur på god grusveg fem kilometer heilt fram til Myrdalsvatnet. Undervegs passerer du Midtseter der det var stølsdrift fram til 1968.

Stad

Rosendal

Turkart

Folgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart.

Start- og sluttpunkt

Kletta.

Parkering

Følg vegskilt "Melderskin" frå Rosendal sentrum til P-plass ved stoppskilt på Kletta.

Merking

Informasjonstavle ved P-plass. God grusveg utan merking.

Gradering

Grøn. Eigna for barnevogn, sykkel og for motorisert rullestol.

Høgdeskilnad

160 – 374 moh.

Tidsbruk

3 timar t/r.

Gode råd

Hugs fiskestanga. Ikkje nødvendig med fiskekort.
Robåtar er for utleige ved Myrdalsvatnet, kontakt Turistkontoret. Vatnet er fiskerikt, og ein dorgetur kan anbefalast. Då bør ein også ta seg tid til å gå i land på den fine stranda i inste enden av vatnet for å oppleva den spesielle villmarksstemninga der.

Turomtale

God grusveg fem kilometer heilt fram til Myrdalsvatnet. Etter fire kilometer passerer ein Midtseter der det var stølsdrift fram til 1968.

Kilde: Region Sunnhordland