Valevåg

Valevåg Camping og Hyttetun

Bestill
  • Solnedgang
  • Kjøken på hytte
  • Båttur
  • Terrasse
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • +47 90220269

  • Tittelsnesvegen 696

    Sveio, Vestland

    Vis i kart

Nyt naturen med kort veg til skog, fjell og mark – eller lei båt for fiske og for ein fin tur ut på Bømlafjorden.

Valevåg camping og hyttetun

Overnatting

Valevåg camping og hyttetun tilbyr fleire hyggelege overnattingsalternativ. Her finn du hytter tilpassa familiar på fem, med kjøken, stove og bad med dusj.
I tillegg finst det rorbuleilegheiter for fem til åtte personar. Alle med gode fasilitetar.
Campingplassen har òg plass til telt, bubil og campingvogn.

Gardsidyll og dyreliv

Rett ved ligg den flotte Valenheimen. På garden, som har vore ein del av campingen sidan gammalt av, kan du helse på sauer, lam, kyllingar og barnevennlege ponnier – ei koseleg oppleving for både store og små.

Midt mellom byane og naturen

Valevåg Camping og Hyttetun ligg midt mellom Stavanger og Bergen, berre 40 minutt frå vakre Haugesund og 15 minutt frå Leirvik.
Eit perfekt utgangspunkt for å oppleva både natur, kultur og kystliv i vakre Sunnhordland.

    Kilde: Region Sunnhordland