










Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i journalisten og diktaren, Aasmund Olavsson Vinje.
Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i journalisten og diktaren, Aasmund Olavsson Vinje og diktarane Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.
På senteret kan du bli kjend med dei fire store diktarane våre, lese utdrag frå bøker og journalistikk, sjå bilete, sitat og flotte digitale installasjonar. Du kan også spele spel om kjeldekritikk, leike i barneløypa og finne deg til rette i lesekarnappet med ei god bok.
Innanfor diktinga legg dette senteret vekt på dei skjønnlitterære forteljingane, som kjem i mange former og frå mange stader. Dei dikta forteljingane kan forføre, forundre, forandre og forklare. Vinjesenteret syner fram noveller, romanar og andre forteljingar.
Utstillinga tek utgangspunkt i den skrivne journalistikken i aviser og på nett. Vinjesenteret er det fyrste senteret som fortel om journalistikk allment, og tek for seg mellom ana fire pålar i norsk journalistikk.
På Vinjesenteret kan du møte på katten Lurivar, ein ordspion! Her får borna utdelt eit kart og kan jakte på ord gjennom utstillinga. I tillegg kan dei yngste prøve seg som avisredaktørar, navigere seg gjennom Glimmerdalen og avdekkje falske nyhende i dataspelet Mediaskogen.
Om du er i området, ta gjerne turen innom for ein kopp kaffi og ein hyggeleg prat. Det er enkel kaffeservering i museumsbutikken.
Fra 25. - 28. september arrangeres litteraturdagene på Vinjesenteret.
Kilde: Visit Telemark