Valldal

Workation på Skrivarstova hos Juvet Landskapshotell

  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • +47 95 03 20 10

  • Alstad 24

    Fjord, Møre og Romsdal

    Vis i kart

Skrivarstova er staden for deg som ynskjer å komme deg bort frå kvardagen ei stund. Skrive, komponere musikk eller kunst, eller ganske enkelt kople av.

Juvet Landskapshotell idyllisk til ved Gudbrandsjuvet i Valldalen, rett ved Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen. Å køyre hit tar deg omkring 90 minuttar frå jugendbyen Ålesund. Som et eit av dei mest særprega hotella i Norge legg Juvet til rette for eineståande opplevingar for både individuelle gjestar, grupper og firma.

Skrivarstova

Skrivarstova hos Juvet landskapshotell, er eit «chalet» på 70 kvm og inneheld to soverom med plass til fire personar, stove, skrivebord, kjøkken og ein koseleg uteplass mot skogen. Utsikta herifrå er som eit levande landskapsmåleri, med utsikt mot dalen, elva og fjella – eller mot skogen med bjørk og furu og ein nydeleg skogbotn med mose og blåbærlyng. Under workationopphaldet vil sjølvhushaldning være utgangspunktet for bespisning. Nærmaste butikk ligg rundt 15 minuttar frå hotellet, i Valldal sentrum.

Eit workationopphald på Skrivarstova passar for deg som

Likar å gå fine skiturar rett frå stuedøra.

Er glad i topptur, men også alpint.

Vil utforske området til fots.


Juvet Landskapshotell tilbyr utlån av truger og du finn flotte langrennsturar i preparerte løyper kun 4 km frå hotellet. Strandafjellet skisenter ligg berre 25 km + en kort ferjetur frå Juvet Landskapshotell.

Pris

Utleie på ukesbasis (minimum 7 netter) kr 15.000,- per veke med sengetøy, internett og reingjering.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre