Øvre Årdal

1000-meteren Årdal

  • 1000-meteren Årdal
  • 1000-meteren Årdal Sykkel
  • 1000-meteren Årdal Sykkel
  • 1000-meteren Årdal Sykkel
  • 1000-meteren Årdal
  • 1000-meteren Årdal
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • +47 57663444

  • Tyinvegen

    Årdal, Vestland

    Vis i kart

Når du kjem opp på 1000-meteren, har du panoramautsikt til Hurrungane med Storen (Store Skagastølstind) i front. Du ser òg godt Bøttejuv, Nundalen, Fardalen og Utladalen herifrå.

Gamlevegen mellom Sletterust og Øvre Årdal er ein fin veg å sykla. Den svingar seg oppover til 1000 meter over havet.

Vegen har ein tunnel som gjer at det kan løna seg å ha lykt på sykkelen. Vegen har panoramautsikt mot Hurrungane og god utsikt innover Utladalen, Øvre Årdal, Bøttejuvet og Årdalsvatnet. Ned frå høgste punktet går det rundt 40 svingar til grusvegen treff riksveg 53 nokre kilometer frå Øvre Årdal sentrum.

Det vert arrangert løp frå Øvre Årdal til 1000-meteren - og turen opp svingane på gamlevegen frå Øvre Årdal er ein populær fottur også blant dei lokale.

400-meteren – 1000-meteren – 400-meteren

Turkart: Turkart Årdal

Start- og sluttpunkt: Fylkesveg 53, 400- meteren

Parkering: Fylkesveg 53, 400-meteren

Merking: Infotavle v/fylkesveg 53, 400-meteren

Høgdeskilnad: 400–1000 moh.

Tidsbruk: t/r 4 timar

Turomtale

Sjølve vegen er ein gamal grusveg som først var anleggsveg, deretter sommarbilveg over fjellet, men er no låst med bom i Rausdalssvingen.

Tilstandsrapport Tunnelvegen:

Delar av Tunnelvegen er smal og i stor grad usikra med grov og ujamn overflate og hjulspor. Du må difor ta det roligare enn på ein moderne sykkelveg, og turen eignar seg ikkje for uerfarne syklistar. Dei mest krevjande partia finn du rett før og inne i tunnelen ca 5,5 km ut i sykkelturen og vidare frå utsiktspunktet 1000moh og ned til FV53 (lang nedfart og skarpe svingar).

Hald deg inn mot fjellet der det er mogleg, og gå av sykkelen i dei partia av vegen du ikkje er komfortabel med å sykla.

Vegen er utsatt for steinsprang, spesielt ved mykje nedbør, og den blir ikkje rydda/vedlikehalden.

  • Middels

Kilde: Visit Sognefjord AS