29/2 Aurland













Miljøsertifiserte reiseaktører
Miljøsertifisering av private og offentlige foretak, også turisme.

miljofyrtarn.no
29/2 Aurland er eit familiedrive Boutique hotell og har unike bygg tilbake til 1700 talet. Maten er sunn, god, lokal og økologisk. Slapp av og nyt oppholdet.
Her møter moderne komfort og design den gamle tida. Romma er innreidd etter kjente fluefiskarar i Aurlandselva, som ein gong var rekna som ei av verdas tre beste sjøaureelver. Her kan ein sjølvsagt fiske, men 29/2 Aurland er eit godt utgangspunkt for turar i Aurlandsdalen (sju min unna), for turar med Flåmsbana (ti min unna Flåm), eller for turar på fjorden og ein rusletur rundt i handtverksmiljøet på Aurlandsvangen (3 km unna). Båt til Bergen og Gudvangen legg til kai i Aurland.
Namnet 29/2 Aurland er kort og godt gards-og bruksnummeret vårt. Vi vil gje gjestane våre ein smak av Aurland, gjennom maten, gjennom historia, og vi trur og håper dei fell til ro her – og tar tida tilbake. Så vil dei oppleve den vakre naturen – og ikkje minst folka som bur her – dei driv med litt av kvart, aurlendingane. Aurlandskoen, til dømes!
Vi har syklar til utlån for gjestene våre.
Lokal og økologisk frukost er inkludert i romprisen, 3-retters middag, samt «afternoon tea».
Vi skreddarsyr turar i Indre Sogn, og har ein stor elverett for den som kjem med fiskestong. Transport og pickup på bestilling. Bergen 2,5 time unna, Oslo 4,5 t. Velkomne skal de vera!
- Høst
- Vår
- Sommer
- Konferansefaciliteter
- Familievennlig
- Restaurant/café
- Gratis WiFi
- Hage
Kilde: Visit Sognefjord AS
29/2 Aurland