VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway


Aabrekk gard

  • Aabrekk, Oldedalen
  • +47 91382569
  •  /  km From You
Overview

Aabrekk gard tilbyr overnatting i restaurert hus frå 1700- og 1800-talet, har servering for grupper og sel matvarer som er produsert på garden. Produkta som vert levert frå garden er basert på sterke tradisjonar, og ber namnet Lykle.

I Trollbutunet kan du bu i hus frå 1700- og 1800-talet. Husa vart flytta dit i 1995. Tunet ligg i eit roleg område omkrinsa av høge fjell, frodiggrøne fjellsider, blåkvite brear og ville fossar som dansar nedover fjellsidene.
Der er 23 sengeplassar fordelt på tre hus. I husa er det kjøkken, stove, soverom og wc/dusj. Soveroma er utstyrte med dyne og pute, og der er sengetøy til leige. Kjøkkena er fullt utstyrte med komfyr og kjøleskap. To av hyttene har peisomn.

SERVERING OG CATERING
GRUPPER
I gamlelada (låven) kan ein feire store dagar eller arrangere slektstreff.
Her er plass til opp mot 90 personar for servering - i eit triveleg miljø.
Huset er bygd på grunnmurane av gamlelada frå 1895.
Nybygget stod ferdig i 2005.

CATERING
Her leverast lokalmat og buffet på bestilling. Kontakt Aabrekk gard for prisar og meny.

FRUKOSTSERVERING
I gamlelada serverast frukost til overnattingsgjester, og andre som bestiller.

På Aabrekk Gard blir sjela lagt i å vidareføre tradisjonar overlevert i generasjonar. Mathistorie, råvarer og kvalitet er begrep vi formidlar gjennom gode bakevarer. Vi har solbær- og ripsbærbusker i hagen. Dette lagar god gele, syltetøy og saft av. Ein finn det på frukostbordet, til middag - og er ein heldig kan ein få kjøpe eit glas med heimelaga syltetøy. På Aabrekk Gard lever biene glade dagar i rein og frodig natur. Det kjennest på honningen. Her surrar dei rundt i kvitkløver-enga og på villbringebær-blomsten, og gjev oss gode smakopplevingar. I Oldedalen lever geitene fritt og godt, leikande i vill, rein natur. I fjellsidene bak garden veks lyng og urteplantar, dynka i brevatn og bada i sommarsol. Du kjenner det på geitosten frå Aabrekk.

Lykle er namnet på produkta som vert leverte frå Aabrekk Gard. Lykle finn du i eit utval av butikkar og hotell i Sogn og Fjordane. Du kan også bestille varer direkte frå Aabrekk Gard.
Gardsmat av finaste kvalitet.


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages