Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Hellesøy

Adnestova

  • Nordre Sæle, Øygarden
  • +47 56388222
  •  /  km From You
Overview

Adnestova står i dag som eit autentisk minne om bustadtilhøva for fiskarbonden fram mot 1900-talet. I stova vert det fortalt historie om livsvilkåra på 1800-talet. Forteljingar og tonar overlevert i munnleg tradisjon gir eit bilde av kultur og kvardagsliv, samarbeid på sjø og land og forholdet til styresmaktene.

Stova var i bruk som våningshus fram til 1928 då det vart bygd nytt hus tett ved. Det var meininga å riva den gamle stova her som på dei andre bruka. Men etter som tida gjekk, vart minne vakte til live hjå dei som var fødde og oppvaksne i gamlestova. Ingen hadde hjarte til å riva ho ned, og familien fekk syn for å ta vare på Adnestova. Slekta hadde budd her i fem generasjonar sidan 1781.

Det var utskifting på Nordre Sæle i Øygarden alt i 1862-63, og kartet frå denne tida syner eit klyngjetun med 20 bygningar, både stover og uthus. I dag står berre Adnestova att som eit minne om livet i tunet gjennom hundreåra. 

Stova er bygd i fleire steg, og den søre delen,truleg årestove, har rundtømmer frå 1600-talet. Seinare er kjøken, gang, bestestove og lem bygd på.

Adnestova Galleri
I Adnestova vart det før 1920 starta opp med landhandel, og seinare vart det butikk like ved. I dag er butikken utstillingslokale med naturfotogalleri. 

Adnestova Hager
På deler av bruket er det bygd opp ein større besøkshage med lyng og rhododendron som dominerande plantegrupper, men med tusen andre planteslag i tillegg

Nordsjøhagen på Skredberget har bløming nær heile året og får kvar månad nye plantar. Hagen har over hundre ulike lyngsortar, og er den største lynghagen i landet. Ein jordkjellar har fått lynghage på taket. Frå bergetoppen i hagen er det vidt utsyn mot Nordsjøen, med Nøvlingane og Lyngøy. 

Egil Sæle


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Øygarden, Norway
The latitude and longitude
60° 38' 30" N / 4° 47' 42" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad