Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Olden

Afternoon Tea på Singerheimen

Opplev ein herskapeleg brunsj på William H. Singers eigen glassveranda. Med kvite dukar, stearinlys, handbroderte serviettar og høge etasjefat. Du får servert ferske rundstykker med laks og Stryneskinke, varme scones, og noko søtt på toppen. Som dei seier på Singerheimen; «Sjølv om fatet er høgt, er alt laga heilt frå botnen av». Det følger sjølvsagt med så mykje té eller kaffe som du ynskjer. Dei som vil, kan bli med på ei omvisning etter maten, for å høyre den fengslande historia til Singerheimen. Afternoon Tea eigner seg godt som ei unik oppleving saman med nokon du er glad i, som ei gåve eller til større selskap. Hugs å reservere bord på førehand ved å ringe 920 84 187.

For dei som ynskjer er det også mogleg å overnatte på Singerheimen. Ein kan til dømes sove på det autentiske rommet til W.H Singer Jr, Anna eller Dronning Wilhelmina. Frukost og omvisning er gratis for alle overnattingsgjestar. Ta kontakt med oss på e-post.

Kilde: Nordfjord

0

Afternoon Tea på Singerheimen

Sider du nylig har besøkt