Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Aktiv ferie i Sunnhordland

  • +47 53456794
  •  /  km From You
Overview

Forslag til aktivitetar og overnatting i kyst- og fjordlandskap!


Om ein ynskjer ein aktiv ferie er Sunnhordland eit spanande og annleis alternativ.


 


Forslag 1: Opplev isbreen Folgefonna


Køyr til Jondal og vidare frå fjorden og inn til breen(19 km). Her står breføraren klar til å ta dykk med på Folgefonna til fots i blåisen eller på ski! Dette er ein 5-6 timars blåistur som passar for alle over 8 år i vanleg god form. Etter turen kan ein ta ferja over til Tysnes og få servert dagens tre-retters på historiske Haaheim Gaard som er videnkjent for sine matopplevingar. Dei har også overnatting. Alternativt kan du køyre via Kvinnherad til Stord og overnatte på det populære fullservicehotellet Stord Hotell.


For booking av den guida brevandreturen "Den Blåe Dagen": www.folgefonni-breforarlag.no


For bordreservasjon og overnatting på Tysnes: www.haaheimgaard.no


For bestilling av middag og overnatting på Stord: www.stord-hotel.no


 


Forslag 2: Ferdigpakka sykkeltur med bagasjetransport


Opplev Sunnhordland frå sykkelsetet! Denne turen startar med Hardangerfjordekspressen fra Bergen til Rosendal og tek deg gjennom baronibygda Rosendal, bluesbygda Skånevik, Leirvik på Stord og  handelstaden Bekkjarvik på Austevoll. Dette er ein 5-dagars tur der overnatting, mat og ferjebillettar er inkludert. Retur tilbake til Bergen. 


For prisar og booking av sykkeltur: www.norske-bygdeopplevelser.no


 


Forslag 3: Fjordcruise og festivalar


Ta turen i juli med veteranskipet M/S Granvin og opplev både det opne havet og kysten i Sunnhordland frå sjøsida! Skipet seglar frå Bergen fire helgar i juli, og har fleire stopp langs ruta i Sunnhordland. Pris frå NOK 1800,- inkl. overnatting. Om ein deltek på turen ein av dei to første helgane i juli har ein moglegheit til å segla med Granvin frå Leirvik til festivalane Skånevik Bluesfestival (4. - 7.juli) og/eller Tysnesfest (10. - 14.juli).


For meir informasjon om fjordcruiset: www.fjordabaaten.ning.com


For meir informasjon om overnatting: www.bekkjarvikgjestgiveri.no og www.grand-hotell.com


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Overnatting frå
NOK 545,- p.p. i dobbeltrom inkl. frukost.
Click to activate
Stord, Norway
The latitude and longitude
59° 46' 49" N / 5° 30' 2" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad