Aktiv i Lom | Lom aktivitetspark
Om du er i Lom med ungar, kan du fylle ein heil dag i Lom aktivitetspark, for her er det både klatretårn, gyrotrampoline, 9-hulls minigolfbane, pedal gokartbane og pump-trackbane. I tillegg til nedgravde trampoliner og sandkasse!
Aktivitetsparken ligg midt i Lom sentrum, ved Sport 1 Lom, og er godt synleg frå vegen (RV. 15). Her finn dykk mange aktivitetar for barn, unge og heile familien.
På gyrotrampolinane er du sikra med sele og festa i kraftige strikkar, slik at du kan hoppe høgt til vêrs og dette "kontrollert" ned att. Her får du kjensla av å fly - og det er like moro for ungar som for vaksne!
Klatretårnet i Lom er eit 16,5 meter høgt tårn med ulike klatreflater. Her kan både små og store utfordre høgdeskrekken i nett, stiger og klatretak. Dette er eit klatretårn for alle, ikkje ein «ekstremsportvariant». Og du treng ikkje vere redd for å dette ned, for du er heile vegen sikra med automatsikring, som tek deg trygt og roleg nedatt om du mister grepet. Klatretårnet har 8 ruter og eit spektakulært hopp frå toppen; Lomsbykset.
Utanfor området er det og vanlege trampoliner og skaterampe, og minigolfbane. Aktiv i Lom leiger ut diskar til diskgolf-bana i Bøverdalen, ca 15 km frå Lom sentrum.
Du er velkomen til å ta kontakt med ungdommane som jobbar her, og få nyttig informasjon om aktivitetar du kan nytte deg av i Lom og Jotunheimen.
Velkommen til ein aktiv ferie med Aktiv i Lom!
- Førerhunder er velkomne
- Handikapptoalett
- Kanopadling
- Klatring
- Kajakkpadling
- Sykkelutleie
- Sykkelstier
- Go-kart
- Minigolf
Kilde: Visit Jotunheimen AS
Aktiv i Lom | Lom aktivitetspark