Høydalsmo

Aktivitetsparken i Eidsborg

  • Slusevoktar og gutt slusar båtar i Telemarkskanalen på museet i Eidsborg.
  • Liten gutt prøver bueskyting på Vest-Telemark Museum Eidsborg
  • liten gutt sluser en båt på miniatyrutgaven av telemarkskanalen på kanalparken på Vest-Telemark Museum i Eidsborg
  • Jente sluser en båt på miniatyrutgaven av telemarkskanalen på kanalparken på Vest-Telemark Museum i Eidsborg
  • Folk i kanalparken til Vest-Telemark Museum Eidsborg.
  • liten jente sitter på miniatyr Telemarkskanalen på Vest Telemark Museum Eidsborg med beina i vannet
  • liten gutt sluser en båt på miniatyrutgaven av telemarkskanalen på kanalparken på Vest-Telemark Museum i Eidsborg
  • Jente på verksted til Vest-Telemark Museum Eidsborg
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • 0047 35 06 90 90

  • Vest-Telemark Museum Eidsborg, Museumsvegen 9

    Tokke, Telemark

    Vis i kart

Aktivitetspark for heile familien - med ein vassførande modell av Telemarkskanalen i målestokk 1:1000. Her kan du sluse og vere med på andre aktivitetar.

Me har eit aktivitetsområde på museet der unge og gamle kan leike seg inn i historia. Sentralt i parken er ein 105 meter lang vassførande modell av Telemarkskanalen med sluser og kopiar av dei historiske båtane. Her kan du sluse brynestein, tømmer og turistbåtar frå Dalen til Skien og attende. Du kan leige modellbåt på museet, eller ta med din eigen (ikkje fjernstyrt).



Me har vidare ein stor båt for klatring og moro, Dalen Hotel i miniatyr og kraftstasjon som viser korleis Telemarksvassdraget også produserer straum.



Parken byr og på andre aktivitetar for heile familien. Her finn du ein husmannsplass med fleire bygningar og ei smie. Du kan prøve deg på lafting, runerissing eller skyte med pil og boge. På torsdagar og sundagar kan du oppleve forskjellige handverkstradisjonar som spikking, farging av garn, spinning, smiing og mykje meir.



Parken er open med slusing og aktivitetar midtsommars. Elles er det mogleg å ta ein tur i parken på eiga hand i opningstida til Vest-Telemark Museum Eidsborg. Det skal løysast billett i resepsjonen på museet.



Velkomen til ei museumsoppleving utanom det vanlege!


Voksne (fra 16 år) – Kombinasjon billett150 NOK *
Barn 6-15 år – Kombinasjon billett75 NOK *
Honnør/student – Kombinasjon billett130 NOK *
Grupper min. 10 pers. – Kombinasjon billett130 NOK *
Familiebillett – Kombinasjon billett400 NOK *
Båt – 3 timer60 NOK *
* Pris fra

Kilde: Vest Telemark