Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland ASKVOLL

Alden - den norske hest

  • Aldevågen, VÆRLANDET
  • +47 57743000
  •  /  km From You
Overview
Details

Ta turen til øya Alden og bestig den Norske hest – fjellet som stig nærmast loddrett opp av havet! 481 meter høgt og synleg meir enn 100 km til havs.

481 meter høgt og synleg meir enn 100 km til havs er Alden eit av dei mest markante seglingsmerka på vestlandet. Frå toppen har du fantastisk utsikt i alle retningar!
Korleis reise til Alden
Du kjem enkelt til Askvoll med ekspressbåt frå Bergen eller Nordfjord. Sjå en-tur.no for rutetider.
For å komme til Alden må ein ta ferje frå Askvoll eller Fure i Fjaler til Værlandet, og vidare bestille båt frå Værlandet til Alden. Ta kontakt med Alaria AS v/ Audun Oddekalv på 48132779, eller Gry Leite på 90551334 for å tinge skyssbåt.
Det er fleire overnattingsmoglegheiter på Værlandet og Bulandet.
RIB-tur til Alden
Ønskjer du ei meir fartfylt transport kan du bli med RIB Askvoll på RIB-tur til Alden. Båtturen tar 20 minutt ut, og du vil ha 3 timar til å utforske øya Alden før du blir henta igjen. For meir informasjon om turen, klikk ,her
Ta kontakt på 577 43 000 eller send ein e-post til mail@fjordkysten.no for meir informasjon.
Turbeskriving Alden
Start: Alden
Tid: 1,5 - 2 timar opp, 1-1,5 time ned.
Høgde: 481 meter over havet
Frå hamna går ein den korte vegen opp til garden, og her er det skilta mot toppen. Stien er ikkje merka, men den er lett å finne. Ein tek straks til på oppstigninga, og vinn raskt høgdemeter. Stien er smal, men godt synleg heile vegen opp. Ved om lag 300 m.o.h kjem ein opp på platået, og terrenget flatar noko ut. Vidare mot aust og opp til Instestova, den austlege toppen, er det lett å gå. Her får ein flott utsikt i alle retningar!
For å få endå betre utsikt til havet og øyane i vest bør ein ta turen bort til den vestlege toppen Ystenova. I vest ser du dei små øysamfunna like ved storhavet, mens du i nord og aust har utsikt til majestetiske fjelltoppar og fjordar. Heilt i nord kan du til og med sjå Gjegnalundbreen og Ålfotbreen - Norges vestlegaste isbrear! Sjølv om oppstigninga er bratt dei første 300 meterane, er turen opp overkommeleg for dei som er vant med å gå i terrenget. Turen tek ca 3 timar tur/ retur. Stien er god, og treng ein å ta ein pust i bakken kan ein berre sette seg ned og nyte utsikten som er upåklageleg frå første stund.Ein fin sommartur er å ta overnattingstur på Alden og få med seg sola som går ned i havet i vest og ein tidleg soloppgang i aust. Betre utsikt får du ikkje!
Ein bør ikkje gå turen når det er snø og glatt.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
  • Ekspert
  • Middels
Landskap
  • Kystområde
  • Fjordområde
  • Innsjøområde
  • Fjellområde
Årstid
  • Hele året
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Brevandring
Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Planlegg reisen

Tjenester
  • Familievennlig

Facts

Effort Level
Medium
Duration
3 timer
Landscape
Lake area
Season
All Year
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages