Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
DALE I SUNNFJORD

Allmuen Kafé og Interiør

Hos Allmuen kafé og interiør står blant anna heimelaga mat og ein koselig atmosfære i fokus.

Allmuen Kafé og Interiør ligg i Dalstunet i Dale i Sunnfjord og er godt kjent for dei heimelaga skillingsbollane, dei herlege kakene og den gode kaffien.

I tillegg til mat og drikke har Allmuen Kafé og Interiør ei lita interiøravdeling der dei sel varer frå blant anna Nicolas Véach, House doctor, Bloomingville, Green Gate, Tante Pose, Durance og mykje anna spennande. Du vil finne nye nyheiter stadig vekk!

I tillegg til interiørbutikken finn du mykje godt og lekkert i gåveavdelinga. Siden starten av Allmuen Kafé og Interiør i 2011 har dei hatt fokus på gjenbruk i kaféen. Alle møblar, koppar, fat og bestikk som blir brukt er frå bruktbutikkar.

Catering

Allmuen Kafé og Interiør tilbyr catering til møter og selskap. Her kan du velge mellom levering, eller å hente sjølv. Det er óg mogleg å leige lokalet utanom opningstidene.

 

Kilde: Visit FjordKysten

0

Allmuen Kafé og Interiør

Sider du nylig har besøkt