Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview

Familievennleg tur på gammal stølsveg i Modalen.

Frå Bergen: Startpunktet for turen til Almelidstølen ligg 90 km nord-austover frå Bergen. Køyr E39 nordover til Romarheim, der tek du til høgre inn på FV 569 mot Mo i Modalen. Køyr 23 km på 569, og parker ved startpunktet på ein liten parkeringsplass på venstre hand. Turen frå Bergen tek normalt 1,5 time.

Berkna tid: 1,5 t rundtur.

Gradering: Blå moderat.

Høydeskilnad: 40-360 meter.

Start- og sluttpunkt: Neset–Almelidstølen. Tur-retur.

Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Pilskilt og blå merking undervegs.

Gode råd: Vel gode sko som tåler litt vatn, sidan stien går over myrete område nokre stader.

Det veks ikkje lenger alm i almelia, men ruta til stølen går gjennom blandingsskog med hovudvekt av gran og furu og seinare bjørk. Dette er ein av dei lettast tilgjengelege stølane i dalen, og sjølv om det kan vere ei og anna bratt kneik, er du oppe på rundt 45 min. Stien er svært tydeleg og elles merka med blått og passer òg for born.

Almelidstølen er godt halden vedlike, og tel i dag fire bygningar. Området ligg vakkert til i ein vid botn ca. 360 moh. Det vart stølt her til utpå 1950-talet. Du følgjer først grusvegen eit par svingar oppover til du ser ei
markaløe på venstre hand. Her startar stien opp lia. Ver merksam
på at steinane kan vere glatte i vått vêr. Undervegs bør du unne deg ein kik på fossen – ta ein avstikkar frå stien mot venstre etter ca. 10 min.

Når du kjem opp ovanfor fossen, flatar stien ut, og du finn snart ei bru som tek deg over elva til stølen. Elva kan gå stor om våren, og den opphavlege brua ser ein berre restar etter i dag.

www.visitbergen.com/visitmodalen


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Modalen, Norway
The latitude and longitude
60° 49' 53" N / 5° 53' 24" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad