Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Møre og Romsdal VOLDA

Alpehytta og Geithornhytta

  • Standalvegen, Ørsta
  • +47 99155472
  •  /  km From You
Overview

Velkomen til Standaleidet - i hjartet av Sunnmørsalpane!

Her er 18 soveplasser totalt for begge hyttene. Begge hyttene har store, romslege terrasser med sittegrupper. Her er romsleg stove, kjøkken og Dusj/toalett. Her er og jacuzzi og stort selskapslokale.  

Høver godt som familiehytter, og har både TV og internett. 

 

Hyttene er og  populære for fjellgrupper/turistar, og her er fleire aktivitetar og turar i nærområdet:

Dei mektige fjella, dei djupe dalføra, kulturlandskapet med gamle setrar og spor frå farne tider, gir opplevingar både for kropp og sjel. Å gå på dei høgste tinder krev kunnskap om farbar veg og sikring.

I nærområdet kan ein gå kortare eller lengre turar som t.d. til den verneverdige Myklebustsetra. Ein kan få prøve seg i ein liten motbakke til Bjønnanakken og Kvanndalen. Ein litt lengre tur er til Fladalen, Nøvedalen, Kalvedalen og Koppen. I dalføra ligg også fjellvatna, der auren bit villig. Standalvatnet ligg 2 min frå hyttene. Her er brygge og bademulegheiter. Og om vinteren skeiseis.

Når snøen legg seg får landskapet eit heilt anna preg. Dei reine, kvite fjelltoppane lokkar skiglad ungdom til luftige svev, og i fjellsidene danner skispora galante formasjonar.

Velkomen!


  • Last Updated:
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages