Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
VARTDAL

Alpehytta

Velkomen til Standaleidet - i hjartet av Sunnmørsalpane! Kort veg til flotte turområder i Hjørundfjorden medan du bur komfortabelt.

Alpehytta har 3 soverom, med 6 soveplassar. I tillegg til romsleg terrasse med sittegrupper, stove, kjøkken og dusj/toalett. Høver godt som familiehytter, og har både TV og internett.  Det er og anledning til å bruke selskapslokale.

Hytta er og  populære for fjellgrupper/turistar, og her er fleire aktivitetar og turar i nærområdet. Dei mektige fjella, dei djupe dalføra, kulturlandskapet med gamle setrar og spor frå farne tider, gir opplevingar både for kropp og sjel. Å gå på dei høgste tinder krev kunnskap om farbar veg og sikring.

I nærområdet kan ein gå kortare eller lengre turar som t.d. til den verneverdige Myklebustsetra. Ein kan få prøve seg i ein liten motbakke til Bjønnanakken og Kvanndalen. Ein litt lengre tur er til Fladalen, Nøvedalen, Kalvedalen og Koppen. I dalføra ligg også fjellvatna, der auren bit villig. Standalvatnet ligg 2 min frå hytta. Her er brygge og bademulegheiter. Og om vinteren skeiseis.

Når snøen legg seg får landskapet eit heilt anna preg. Dei reine, kvite fjelltoppane lokkar skiglad ungdom til luftige svev, og i fjellsidene danner skispora galante formasjonar.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Alpehytta

Sider du nylig har besøkt