Amlaholten, Kaupanger
Rundtur på Amlaholten på Kaupanger med panoramautsikt over Sognefjorden
Fjelltur til Amlaholten på Kaupanger
Då det ikkje er ynskjeleg med gjennomkjøring frå Amla på Kaupanger er beste atkomst å køyre Fylkesveg 5 mot Mannheller. 200 meter før Amlatunnellen tar man av til venstre (om man kjem frå Sogndal) mot Simas avfallsanlegg i Festingsdalen. Følg så god asfaltveg snaut 3 km mot Festingedalen. Da kjem man til skiltet stistart og romsleg parkeringslomme på høgre hånd.
Følg så merka sti langs fjellet på nordsida. NB! Ikkje ta bratt opp til venstre ved stein med rødt kryss.
Stien dreier så rundt fjellet og opp meir frå vest-nordvest mot slutten. Enkelte bratte kneiker mot slutten. Det meste av strekket er på fin traktorveg, men går over til sti mot toppen.
Postkasse / turmålkasse på toppen.
Rødmerket sti fortsetter over toppen mot aust og kjem ned i Festingsdalen igjen. Til saman utgjer dette ein flott rundtur på ca. 5 km. Stien er av god kvalitet.
Om turen:
Lengde: 5 km
Tid: ca. 2 timar på rundturen
Sesong: april - november
Høgdemeter: 331 meter
Slik kjem du deg til Amlaholten: Køyr mot ferjekaien Mannheller, men før tunnellen svinger du av vegen til Festingedalen avfallstasjon (SIMAS).
- Middels
Kilde: Visit Sognefjord AS
Amlaholten, Kaupanger