Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Volda

Andaneset friluftsområde i Volda

På Andaneset er det opparbeida eit fint friluftsområde med badstove, turveg med benkar og bade- og fiskebrygge.

Her kan du nyte varme sommardagar på badebrygga eller rusle deg ein tur på den fine turstien. Det er plassert ut fleire benkar der ein kan setje seg ned og nyte den fine naturen og utsikta.

Ta med fiskestanga og prøv fiskelykken frå brygga, eller leig den moderne og fine badstova.

Det er eit gamalt dynamittlager som er renovert og oppgradert som badstove. Du kjem dit ved å følgje Andanesvegen forbi siste huset. Gå turvegen ned til sjøen.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Andaneset friluftsområde i Volda

Sider du nylig har besøkt