Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Andberg gard | Gardsovernatting

Book

Andberg gard er ein idyllisk plass som ligg i gangavstand frå Lom sentrum. Her kan dei tilby overnatting i eit gamalt stabbur eller eldhus, som begge er pussa opp i seinare år.

Andberg gard ligg idyllisk til langs Sognefjellsvegen, om lag 1 kilometer utanfor Lom sentrum.

På Andberg gard har dei to sjarmerande hytter til utleige. Her kan du bu i rolege omgjevnader med berre ein 15-minutters gåtur til Lom sentrum, der du kan oppleva meir av den rike matkulturen i området, blant anna. Andberg gard er eit perfekt utgangspunkt for nærturar rundt Lom sentrum eller for dagsturar i Jotunheimen. 


Stabburet

Denne hytta er opprinneleg frå 1715 og blei restaurert i 2015. Her er det plass til 2-3 personar, og hytta har både eit lite kjøken, dusj og toalett. 
​​​

Eldhuset

Eit lite hus frå tidleg 1800-tal. Her er det både kjøken og bad. Plass til 2-3 personar. 



Last updated: 06/22/2022

Source: Visit Jotunheimen AS

Andberg gard | Gardsovernatting

Book

Sider du nylig har besøkt