Lom
8
Andvord gard
Historiske Andvord gard, den gamle tingstaden i Lom, er ein unik overnattingsstad med gangavstand til Lom sentrum, og Jotunheimen rett utanfor døra. Her møtest kulturarv, natur og gjestfridom.
Fremst under fjellet Lomseggen ligg Andvord gard, ein av dei eldste gardane i Lom. Bygningsmassen frå 1700-talet er restaurert for å gje gjestane moderne komfort og kvalitet, men historia sitt fortsatt i veggane.
På Andvord gard søv du som gjest i gode senger. Stillheita, lukta av nyvaska tre og frisk luft gir godkjensla av velvere. Her er det til saman 12 soverom med i alt 23 senger. I eldhuset kan du nyte badstue og dusj.
Bygningsmassa framstår i opprinneleg stil frå 1700- og 1800-talet med utsmykning frå dåtidas lokale kunstnarar (Skjåk-Ola, Rasmus Garmo, tekstilkunst, måleri og gamalt sylv frå garden). Andvord gard vart tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa frå Norsk Kulturarv i juni 2012, etter at brødrene Michel og Richard Andvord hadde fullført restaureringa av garden.
Eit opphald på Andvord gard kan kombinerast med museumsbesøk, matopplevingar, fjellturar, rafting og andre naturopplevingar. Lom er eit midtpunkt i Sør-Norge, med storslått natur, kultur og det perfekte utgangspunkt for fjellturar i alle retningar.

Kilde: Visit Jotunheimen AS
Andvord gard