Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Ålesund

Anita Valderhaug og Ålesund strykekvartett - Fjørefado // Parken kulturhus i Ålesund

Bestill

Anita Valderhaug har dei siste åra jobba med portugisisk fado med eigne tekstar på dialekt.

Portugisisk fado på dialekt.
Foto: Tarjei Krogh
Medvirkende: Anita Valderhaug, Bjørnar Myhr, Jo Fougner Skaansar og Ålesund Strykekvartett

Tarjei Krogh skreiv etter ei konsertoppleving med Anita, då med Folk og Røvere, i oktober i år:
«Anitas guddommelege stemme og pusten kiler meg i øyret og minner meg på det organiske ekte livet som eigentleg er opphavet mitt».

Dette er ikkje fado slik du får det gatene i Lisboa eller i Coimbra. Dette er fado slik saudade låter på Vigra; gitarane er bytta ut med Bjørnar Myhr sine arrangement for Jo på kontrabass, Ai-Ling og Laurens på fiolin, Linda på bratsj, Samuel på cello og Bjørnar ved flygelet. Og tekstane er noko portugisisk, aller mest på vigradialekt.

Og kanskje er det ikkje kvar ein kjem frå som avgjer innverknaden til musikken. Av og til skal ein berre vere til stades. Denne kvelden møtest me i spennet mellom bakkekontakt og utferdtrong, frå fjørekanten på Vigra med antenner retta sørover -og innover.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Anita Valderhaug og Ålesund strykekvartett - Fjørefado // Parken kulturhus i Ålesund

Bestill

Sider du nylig har besøkt