






Bli med på ei eksklusiv Afternoon Tea-oppleving i herskapelege omgjevnader. På Anna Singers glasveranda ventar kvite dukar, stearinlys, handbroderte serviettar og vakre servise frå 20-talet. Her får du servert ein nøye komponert treretters meny, inspirert av historiske smakar og laga heilt frå botnen av.
For å få den fullstendige opplevinga anbefaler vi å starte med ei omvising før bordsetting. La deg fascinere av historia om kunst, kjærleik og rikdom medan du vandrar gjennom dei autentiske romma. Ei reise tilbake i tid – perfekt for å setje stemninga før måltidet. Praktisk informasjon - Tilgjengeleg: Onsdag – søndag, 21. juni – 2. august 2025 - Tidspunkt: Vel mellom bord kl. 13:00 og 15:00 - Pris: 345 kr per person (inkl. kaffe/té) - Bordreservasjon: Bestill bord på: singerheimen.no/afternoon-tea eller ved å ringe: +47 920 84 187 - Full refusjon ved avbestilling innan dagen før Omvising før maten – eit høgdepunkt du ikkje vil gå glipp av Gjer besøket ekstra spesielt med ei stemningsfull omvising før bordsetting. Opplev huset slik kunstnarane og adelsfolket ein gong gjorde, og få innsikt i den unike historia til Singerheimen. - Tidspunkt: Kl. 12:00 eller 14:00 - Pris: 140 kr per person (fullpris 180 kr) - Vel «omvising før maten» som eit ekstraprodukt ved booking på singerheimen.no/afternoon-tea Vil du gjere opplevinga endå meir spesiell? Overnatt i det autentiske rommet til W.H. Singer Jr., Anna Singer eller Dronning Wilhelmina. Frukost og omvising er inkludert for alle overnattingsgjestar.
Kilde: Nordfjord