Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Stord

Apalvikjo badestrand

Apalvikjo badestrand
Her er det både parkeringsplass og mulighet for eit bad
Skilt ved inngangen til Hystadmarkjo, Sævarhagsvikjo

Apalvikjo badestrand er ei idyllisk strand i naturreservatet Hystadmarkjo. Her er det sett ut benkjer og bord, og stranda er lett å kome til om ein har med barnevogn.

Du kan nå stranda både frå nord og sør. Anten ved start i båthamna i Sævarhagen eller ved firmaet Leirvik AS på Storhaug. Følg skilting til Hystadmarkjo/Tyneset.

Parkering

Gode parkeringsmogleikar ved båe endane av turløypa.

Tilkomst med offentleg transport

Buss frå Leirvik til Rommetveit eller til Øklandslio passerer etter tre kilometer skilting til Tyneset der ein stig av bussen og går siste stykket ned mot båthamna. Turstien ligg i gangavstand frå regionsenteret Leirvik. Ein går då nordover forbi Leirvik kyrkje og tek til høgre på skilta veg mot Aslaksvikjo. Ein passerer firmaet Leirvik AS, og kjem til søndre innfallsport til Hystadmarkjo.

Toalett tilgjengeleg.

Kilde: Region Sunnhordland

Apalvikjo badestrand

Sider du nylig har besøkt