Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Tansøy

Askrova Feriehus

Bestill

Velkomen til den grøne smaragd Askrova og Askrova Feriehus. Her kan du slappe av og nyte ein storslagen utsikt mot havet og naturlandskapet.

Velkomen til "Den grøne Smaragd" Askrova. Her kan du slappe av og nyte ein storslagen utsikt mot havet og naturlandskapet. Askvora Feriehus ligg på øya Askrova, eit levande bygdesamfunn som ligg i havgapet like utanfor Norges vestlegaste by, Florø. Askrova Feriehus er eit flott restaurert feriehus med god standard. Feriehuset har flott utsikt mot sjø og land og er perfekt for ein familie som ønskjer å oppleve kystparadiset. 

Askrova Feriehus er på 70 m2 og har tre soverom. Eit rom med to enkeltsenger, eit med dobbelseng og eit familierom med dobbeltseng, ei enkeltseng og ein seng for born. Her er eit romsleg kjøkken med spisebord opp til 10 gjestar. Det er ein hyggeleg stove med vedovn, og fjernsyn med dvd spelar. Det er god parkering med huset. Uteområdet har ein lun terrasse og veranda med hagemøblar og grill. Det er ein fin sløyeplass for fisk ved brygga. 

AKTIVITETAR På Askrova har ein gode moglegheiter for å fiske. Her finn du gode fiskeplassar, krabbe- og krepsefelt, samt at du kan fiske i fjellvatn. Fiskekort kan kjøpast på butikken på Askrova. Askrova Feriehus tilbyr guida havfisketur, kajakk og dykking på førespurnad. Her kan du og leige båt om ønskjelig. Båten er ein 17 fotar med 30 hk motor. Om du ønskjer å oppleve Askrova frå toppen fins det godt merka sti på fjellet med vidstrakt utsyn mot havet.

Askrova Feriehus har kort veg til det meste. Bare 20 meter frå huset finn du sjøen, og du kan lukte sjølufta frå soverommet. 9 km unna finn du ferskvatn der du kan fiske etter ørret. Ønskjer du å besøke ein daglegvarebutikk er det 5 km unna. Der ligg rutebåten og til. Båten frå Florø korresponderar med bussen som tar deg til Askrova Feriehus ved nokre båtavgangar. Ellers kan du kontakte vertskapet for transport. 

RUTEBÅT FLORØ - ASKROVA For rutetider med båt frå Florø til Askrova, sjå www.entur.no, eller kontakt oss for meir informasjon. Om du ønskjer å ha med bil må du hugse å tinge plass god tid i forvegen! 

Velkomen til flotte ferieopplevingar ved sjøen! 

 

Kilde: Visit FjordKysten

0

Askrova Feriehus

Bestill

Sider du nylig har besøkt