Askvoll

Askvoll Fjordhotell

Bestill
  • Askvoll fjordhotell
  • Askvoll fjordhotell
  • Askvoll fjordhotell
  • Askvoll fjordhotell
  • Askvoll Fjordhotell
  • Askvoll fjordhotell
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • +47 57733535

  • Askvollvegen 432

    Askvoll, Vestland

    Vis i kart

Miljøsertifiserte reiseaktører

Miljøsertifisering av private og offentlige foretak, også turisme.

ecoLighthouse logo

miljofyrtarn.no

Frå Askvoll Fjordhotell har du eit ypparleg utgangspunkt for å kunne oppleve kystkulturen, lokal mat og eit hyggeleg hotellopphald.

Askvoll Fjordhotell - Eit ypparleg utgangspunkt for å oppleve den vakre fjordkysten.

Askvoll Fjordhotell er eit lite familiehotell og ein restaurant i sentrum av Askvoll kommune. Her har vertskapet ein stor lidenskap for heimelaga mat basert på lokale råvarer.

Opplev kystkulturen, lokal mat og eit hyggeleg hotellopphald

Frå Askvoll Fjordhotell har du eit ypparleg utganspunkt for å kunne oppleve kystkulturen, lokal mat og eit hyggeleg hotellopphald. Her er kort veg frå hotellet til flotte turstiar. Kva med å ta ein tur til Blåfjell i Askvoll, den høgste og næraste fjelltoppen til Askvoll sentrum. Her får du eit fabelaktig utsyn over store delar av kommunen.

Værlandet og Bulandet

Bare ein times fergetur frå Værlandet finn du øysamfunnet Værlandet og Bulandet. Midt i havgapet, godt vakta av den majestetiske Alden, ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5.240m veg.

Askvoll Fjordhotell

Askvoll Fjordhotell har 25 rom der tre av dei er handicapvennleg. Her finn du 6 familierom og 7 rom for sjølvhushald. Askvoll Fjordhotell tilbyr utleige av sykkel. Her finn du 5 vaksne sykler, 2 sykler for born samt 2 elsykler.

    How to get there

    Frå Bergen - 2,5 timer Ta ekspressbåt frå Strandkaiterminalen i Bergen til Askvoll. På www.norled.no kan du sjå rutetider og kjøpe billett. Det tek 2 minutt å gå frå ekspressbåthamna til Askvoll Fjordhotell. ​​​ Frå Florø - 40 minutt Ta ekspressbåten frå Fugleskjærskaia i Florø til Askvoll. På www.norled.no kan du sjå rutetider for ekspressbåten og kjøpe billett. Det tek 2 minutt å gå frå hamna der ekspressbåten legg til til Askvoll Fjordhotell. ​​​ Frå Kalvåg - 1,5 time Ta buss frå Kalvåg til Smørhamn og ekspressbåt frå Smørhamn til Askvoll. Sjå kringom.no for rutetider (Frå: Kalvåg Knutholmen. Til: Askvoll kai). Billettar til lokalbussen kan kjøpast om bord. På norled.no kan du kjøpe billettar til ekspressbåten. ​

    Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord