Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
VASSENDEN

Astruptunet

Bestill

Astruptunet ligg idyllisk til på sørsida av Jølstravatnet, og er heimen til målaren, teiknaren og grafikaren Nikolai Astrup

Han skapte nokre ikoniske portrett av bygda si, Nikolai Astrup. Besøker du Astruptunet kan du stå der han sto ved staffeliet, og kjenne på korleis du sjølv vert påverka av omgjevnadene. Den vakre kunstnarheimen til Engel (1892 - 1928) ligg idyllisk til ved Jølstravatnet. Nikolai Astrup er ein av Noreg sine mest kjende kunstnarar og har i løpet av dei siste fem åra hatt lanseringar i England, Tyskland, USA og Sverige. Tekstilkunsten til Engel Astrup har dei seinare år blitt løfta gjennom utstillingar, og hennar sentrale rolle på Astruptunet har blitt ein viktig del av forteljinga om kunstnarheimen.

I den nyrestaurerte kaféen, kan du kjøpe heimelaga vafler og sveler, iskrem og kaffe som du kan nyte inne eller ute ved eit av hageborda. Seljekallen kan du ta med deg heim på t-skjorte og handlenett. Kanskje du skal sende eit postkort heim med Astrupmotiv eller henge reproduksjonar opp i stova?

Opningstider

Astruptunet har sesongstengt, men det er mogleg å tinge for omvising etter avtale.Ta kontakt med museumsleiar Solveig Berg Lofnes på +47 99 20 26 76 / +47 47 47 22 36 for å tinge omvising.

Kilde: Visit FjordKysten

0

Astruptunet

Bestill

Sider du nylig har besøkt