Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Aukrust gard og urteri

Book

Aukrust gard og urteri ligg på Solsida i Bøverdalen. Her er det gardsbutikk, urtehage, utstilling og servering.

Aukrust gard og urteri - gardsbutikk, urtehage, utstilling og servering.

Aukrust Gard og Urteri ligg på Solsida i Bøverdalen, ved foten av Lomseggen (2068 moh), om lag 5 km frå Lom sentrum. Garden er driven bio-dynamisk sidan 1986. Her er det urtehagar med 200 ulike urter, gardsbutikk, servering etter avtale og arrangement i «Hågå-huset». Kyr, griser, høner og kattar fins rundt på tunet. Diktaren Olav Aukrust vaks opp her - med Flåklypa som nabo!

"Nordens Provence":
Her kjem du til solbrune tømmerhus i «Nordens Provence», i ein jordbrukskultur der Vår Herre sjølv sørger for sol og vi sjølve må sørge for vatn til markens grøde. Altså eit klima godt eigna for blomar og urter, som du finn i den viltre urtehagen. Solrike dagar og tørt klima gjev plantene kraft og aroma. Nordgard Aukrust har landets største utval av økologisk te og krydder, basert på det dei dyrkjar sjølve. Du kan når som helst vandre på eiga hand med ein skriftleg førar for dei vanlegaste artane. Ynskjer du omvising, ta kontakt for å avtale tidspunkt. 

På garden har dei i heile 25 år arbeidt med urteforedling, i gardens urteri. Her blir det laga eit stort sortiment basert på sjølvdyrka vekster. Dette finn du i gardsbutikken - med stort urtesortiment og spekepølser. Dessutan er det sal av eigne grønsaker og diverse økologiske varer i gardsbutikken.

Til bio-dynamisk drift høyrer allsidigheit og helst kyr. Kyrne på Aukrust er om sumaren på setra Ulvåt øvst i Bøverdalen. Garden vert dreven av Franziska og Ola Aukrust, og dei har god hjelp av medarbeidarar og praktikantar gjennom året. 

Velkomen til urteparadiset! 

Last updated: 04/30/2021

Source: Visit Jotunheimen AS

Aukrust gard og urteri

Book

Sider du nylig har besøkt