Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Sognefjorden Aurland

Aurland Skofabrikk Économusée

  • Odden 13 B, Aurland
  • (+47) 57 63 32 12
  •  /  km From You
Overview

Den tradisjonelle aurlandskoen vert i dag produsert ved den einaste skofabrikken i landet. Visningssenteret i Aurland byr på utstilling av gammal handverkstradisjon så vel som innsyn i skomakararbeid og skoproduksjon slik det går føre seg i dag. 

Aurlandskoen slik han ser ut i dag, har vore produsert sidan midten av 1930-talet. Vi veit at det tidlegare har vore 19 ulike skofabrikkar i Aurland, og på det meste var nærare 100 personar sysselsett som skomakarar. Aurland Skofabrikk er i dag den einaste fabrikken som er att som produserer dei karakteristiske aurlandskoa. Visningssenteret i Aurland formidlar historia og kunnskapen om skohandverket i Aurland opp gjennom tidene. Besøk ein av dei få skofabrikkane som framleis finst i Noreg, og opplev levande skoproduksjon og skomakarar i arbeid. I tillegg til skoproduksjonen byr visningssenteret på informative utstillingar og butikk med sal av aurlandsko og andre lærprodukt. 

Skofabrikken er bygd etter den kanadiske modellen "économusée". Føremålet med économuséa er å ta vare på, utvikle og vise fram gamle, tradisjonsrike handverk og ta vare på kunnskapen om dei. Eit économusée er ikkje eit museum i vanleg tyding, men ei levande handverksverksemd der dei i tillegg til å produsere og selje tradisjonelle handverksprodukt legg til rette for reiselivsopplevingar ved å synleggjere handverkstradisjonane og den historiske samanhengen.


For meir informasjon klikk inn på: www.economusee.no


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad