Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Aurland

Aurlandsdalen - Guida tur

Aurlandsdalen

Har du alltid hatt lyst å gå Aurlandsdalen, men er usikker på kor lang den er eller om du finner fram? FjordSafari Norway tek deg med på guida tur gjennom Aurlandsdalen.

Den velkjende og historiske Aurlandsdalen var ein gong ein av hovudvegane mellom dei austlege og vestlege delane av Norge - Opplev den storslagne Aurlandsdalen med guide

Praktisk opplysningar:

Turlengde: 8-10 timar

Vegbeskrivelse: 20. Nedstigning frå 820 til 70 moh.

Pris: Frå 5250,-

Vanskegrad: Krevjande

Klær: Gode fjellsko og utandørs klede er nødvendig for denne turen.

Barn: Frå 10 år

Booking

-Oppdag Norges Grand Canyon!

Området, som kallast Norges Grand Canyon, er vilt og storslått, rikt på plante-og dyreliv, kulturelle skattar, historie og geologiske trekk. Turen strekker seg frå Østerbø til Vassbygdi. Det er rekna som ein dags tur på 6-8 timar. Aurlandsdalen er uberørt av kraftverk prosjekt og andre moderne forstyrringar i natur og landskap. Stien tek deg forbi dalar og juv, ned bratte skråningar, omgitt av høge og taggete fjellformasjonar. Det er ei uforgløymeleg oppleving for turgåarar. Ein bør stoppe på stader som dei gamle gardene Nesbø, Sinjarheim og Almen. Fleire av dei gamle husa står der fortsatt og vitnar om ei svunnen tid. Det er mange forteljingar og historiar knytt til dei meir uvanlege stadsnamna ein møter på vegen. Verdt å nemne er den merkelige steingryta som omringar eit tjern, kalla Vetlahelvete.

Last updated: 02/08/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Aurlandsdalen - Guida tur

Sider du nylig har besøkt