Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Luster

Austerdalsbreen, Veitastrond/ Luster

Tungestølen, Veitastrond
Tungestølen, Veitastrond
Austerdalsbreen Glacier Veitastrond

"The finest ice-scenery in Europe", sa den engelske fjellmannen W.C. Slingsby om Austerdalsbreen og dei imponerande brefalla Odin, Tor og Loke.

Hit kjem du etter ein lett fottur frå Tungestølen.

Frå Hafslo i Luster kan du dra til Veitastrond og vidare til Tungestølen. Dette er i seg sjølv ein fin tur på den svingete vegen langs Veitastrondsvatnet. Når du kjem til bygda Veitastrond følgjer du Sumelvi vidare inn etter frå Nes. Då skal du ta deg tid til å sjå korleis naturen har slipt berget i elvefaret til kunstferdige groper. Her har Vårherre vore flink med hendene. Frå Tungestølen følgjer du stien inn over Austerdalen. På nordsida ligg Skyttapiggen og bak der lurer Lokebreen. Austerdalsbreen er ein av dei minst 28 brearmane på Jostedalsbreen som har eige namn.

Kilde: Visit Sognefjord AS

Austerdalsbreen, Veitastrond/ Luster

Sider du nylig har besøkt