Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Sogndal

Bøyabreen, Fjærland

Den lettast tilgjengelege og mest spektakulære av brearmane på Jostedalsbreen er Bøyabreen i Fjærland.

I Fjærland, ca 30 minutt køyring frå Sogndal kan du oppleve Bøyabreen som er ein arm av den mektige Jostedalsbreen. Bøyabreen ser du på nært hald frå riksvegen. Bøyabreen er bratt og utsatt for isras og har sitt høgste punkt over 1700 moh. og lågast punkt ca. 600 moh. 

Når du er på Norsk Bremuseum i Fjærland har du akkurat så vidt augekontakt med han. Etter mindre enn fem minuttar i bil, får du bokstavleg tala breen i fanget, og er du heldig kan du sjå breen kalve.

Bøyabreen snakkar til deg heile tida. Han fortel korleis breen har det. Veks han eller minkar han? Her er det lett å følgje med fordi signala er så lette å få auga på. Bøyabreen er som eit brebarometer for gud og kvarmann som reiser forbi. Tek du deg tid til å lære om breen på Bremuseet før du dreg opp dit, vil du forstå meir og sjå fleire av signala som breen sender når han talar til deg.


Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Bøyabreen, Fjærland

Sider du nylig har besøkt