Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Båtruter i Florø // Florabassenget

Ta rutebåten i Florø og opplev dei vakre øyane i Florabassenget. Ein båttur du seint vil gløyme.

Frå Fugleskjærskaia i Florø har rutebåten fleire avganger i løpet av dagen slik at du kan oppleve dei magiske øyane i Florabassenget. Du kan blant anna besøke den irrgrøne, grasdekte øya Kinn med Kinnakyrkja og Kinnaklova, reise til den sørlegaste og frodigaste øya Svanøy eller oppdage vakre Batalden.

Rutetider

Rutebåten som driftes av Norled går frå Fugleskjærskaia i Florø og har daglege avgangar. På skyss.no eller på Norled sine heimesider kan du legge inn avreise og ankomst og kvar tid du ønskjer å reise, så vil du få opp alle rutetidene til den gitte destinasjonen.

Stjernestopp *

Enkelte stopp, slik som på Kinn er såkalla stjernestopp. Du må difor førehandstinge rutegåande båt før den har avgang frå Florø. Du finn informasjon om kva øy som er stjernestopp på skyss.no

Kilde: Visit FjordKysten

0

Båtruter i Florø // Florabassenget

Sider du nylig har besøkt