Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Båtutleie ved kysten av Sognefjorden - Fjordkick

Bestill
Båtutleie ved kysten av Sognefjorden - Fjordkick
Båtutleie ved kysten av Sognefjorden - Fjordkick
Båtutleie ved kysten av Sognefjorden - Fjordkick
Båtutleie ved kysten av Sognefjorden - Fjordkick
Båtutleie ved kysten av Sognefjorden - Fjordkick

Ønskjer du å utforske dei vakre fjordane i og rundt Hyllestad? Fjordkick har båtar for leige, berre eit steinkast frå hytte og feriehus

Opplev verdas lengste fjord, samt dei omkringliggande fjordene, og ikkje minst dei tusen øyar som ligg i dette fantastiske farvatne der fjord møtar kyst. Båtane til Fjordkick er nøye utvalt og utprøva med tanke på sikkerheit og funksjon - spesielt egna for fiske, sightseeing, vannsport og dykking i det flotte farvatne. Båtane ligg i eiga hamn eit steinkast frå hyttene i den idylliske bygda Sørbøvåg. Bryggeanlegget har lys, straum, ferskvatn, drivstoff-fylling, og er tilrettelagt for rullestol.

Når du leiger båt hos Fjordkick

Når du leiger båt hos Fjordkick er redningsvest og sjøkart inkludert, og Fjordkick gjennomgår korleis båt og motor fungerar i praksis. Båtane kan du leige reingjort og med full tank. Som sikkerheit for at båt og utstyr vert levert tilbake i same stand som du fekk den, betales eit depositum.

Når du leiger båt hos Fjordkick har du det heile og fulle ansvaret for båt og tilhøyrande utstyr, og Fjordkick tilbyr forsikring basert på vekesprisar.

Om du har andre behov som for eksempel fender, ekstra bensinkanne, ekstra batteri eller liknande så får du låne dette gratis i resepsjonen.

Her finn du informasjon om prisar på båtane

Båtførarbevis med motor større enn 25hk

For å køyre båt med motor større enn 25 hk, krevs det anten at førar har båtførarbevis eller er fødd før 1980. Her finn du informasjon om kva båtane er utstyr med.

Kilde: Visit FjordKysten

Båtutleie ved kysten av Sognefjorden - Fjordkick

Bestill

Sider du nylig har besøkt