Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sunnhordland Bømlo

Båtutleige, Bømlo

  • +47 91 32 97 55
  •  /  km From You
Overview

Båtutleige på Bømlo.

Bømlo er eit eldorado for båtfolket. Med sine over 1.000 øyer, holmar og skjer finn du her ein av dei finaste skjergardane i Noreg. Om du søkjer mot havet eller føretrekk meir rolege farvatn i fjordar, sund og vågar, finn du her noko for ein kvar smak.

Me tilbyr 11 gode og sjødyktige båtar tilpassa både dagsturar og fiske. På heimesida vår (klikk lenkja: www.fjordtun.no) finn du detaljert presentasjon av dei enkelte båtane med tekstar, foto, videoar og prisar.

Me leiger ut båtar både til våre eigne hyttegjestar og til andre som ynskjer ein båt- eller fisketur. Båtane ligg fortøyd ved flytebrygger både på austsida av Bømlo i den vakre Innværfjorden og i Straumen ut mot havet i vest.

På Innvær har me sju båter; fem 22 Fisker dieselsnekker (22 fot, 16-25hk), ein Kvernø aluminiumsbåt (19 fot, 50hk) og ein Hansvik Fisker (18 fot, 25hk). I Straumen har me fire Skager 660 dieselsnekker (22 fot, 25hk).

Det er berre aluminiumsbåten som krev båtførarbevis eller at du er født før 01.01.1980.

Me er opptatt av å ha gode, sjødyktige og sikre båtar. Me leiger difor ikkje ut båtar som er mindre enn 18 fot. Våre båtar er breie og stødige. Dei har alle fiskestanghaldarar, ekkolodd med GPS og Kartplotter, og sjølvsagt er det inkludert symjevestar og anker.

Er du interessert? Ta gjerne direkte kontakt med Eivind dersom du lurer på noko eller ynskjer eit uforpliktande tilbod.

 

 


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad