Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway


Båtutleige og fiske på Bømlo

  • +47 91329755
  •  /  km From You
Overview

Bømlo er eit eldorado for båtfolket. Med sine over 1.000 øyer, holmar og skjer finn du her ein av dei finaste skjergardane i Noreg. Om du søkjer mot havet eller føretrekk meir rolege farvatn i fjordar, sund og vågar, finn du her noko for ein kvar smak.

Hos Fjordtun kan du velje mellom 11 gode og sjødyktige båtar tilpassa både dagsturar og fiske. På heimesida deira (klikk lenkja: www.fjordtun.no) finn du detaljert presentasjon av dei enkelte båtane med tekstar, foto, videoar og prisar.

Dei leiger ut båtar både til våre eigne hyttegjestar og til andre som ynskjer ein båt- eller fisketur. Båtane ligg fortøyd ved flytebrygger både på austsida av Bømlo i den vakre Innværfjorden og i Straumen ut mot havet i vest.

På Innvær har dei sju båter; fem 22 Fisker dieselsnekker (22 fot, 16-25hk), ein Kvernø aluminiumsbåt (19 fot, 50hk) og ein Hansvik Fisker (18 fot, 25hk). I Straumen er det fire Skager 660 dieselsnekker (22 fot, 25hk).

Det er berre aluminiumsbåten som krev båtførarbevis eller at du er født før 01.01.1980.

På Fjordtun er dei er opptatt av å ha gode, sjødyktige og sikre båtar. Dei leiger difor ikkje ut båtar som er mindre enn 18 fot. Båtane deira er breie og stødige. Dei har alle fiskestanghaldarar, ekkolodd med GPS og kartplotter, og sjølvsagt er det inkludert symjevestar og anker.

Er du interessert? Ta gjerne direkte kontakt med Eivind dersom du lurer på noko eller ynskjer eit uforpliktande tilbod.

 

 


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages