Bremnes

Bømlo symjehall

Bestill
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • +47 53423260

  • Idrettsvegen 89

    Bømlo, Vestland

    Vis i kart

Bømlo symjehall har eit 25 meters basseng med hoppe/stupetårn på 1, 3 og 5m i tillegg til eit opplæringsbasseng som held ein temperatur på 33 grader.

Symjehallen er lys og moderne med dusjbåsar i alle dusjar og badstu i kvar garderobe. Det er tilrettelagt med handicapgarderobar og rampe ned i opplæringsbassenget

Oddetalshelger (frå fredag til søndag) tilbyr dei hinderløype i 25 meters-bassenget, og partalshelger er 3. og 5.m hoppe/stupetårn ope.

I feriar og ved andre særskilte høver kan hinderløypa vera i bassenget også ved andre tidspunkt. Følg med på nettsida eller Facebook-sida til Bømlo symjehall for oppdatert informasjon.

Symjehallen har lagt til rette for eigne tider for dei som ønskjer å symja i banar. Dei har faste timar i veka med Aqua gym og Aqua Run, og har også eigne tider som er tilrettelagt for seniorar.

Det tilbys også kurs for baby- og småbarnssymjing

I symjehallen er det ein badebutikk der du kan få tak i det du har behov for av badetøy, symjebriller, badehetter, armringar, litt badeleikar og liknande. I resepsjonen er det ein liten kiosk der dei bl.a sel brus og is.

Kilde: Region Sunnhordland