Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Nome

Børte

  • Børtevegen, Nome
  • +47 35947401
  •  /  km From You
Overview

Børte er ein gamal, tradisjonsrik gard. Det er to stabbur på garden , eit frå 1770 og eit frå 1850 som er gjort om til sjarmerande feriehus.

Børte har flott utsyn over Børtetjønna. Med to robåtar til disposisjon kan gjestene våre utforske det 100 mål store vatnet og fiske fritt. Her bygger beveren og seint på kvelden kjem ofte elgen til tjønna for å drikke. Badeplass med sandstrand og flytebrygg.

På tunet har vi kanin, frittgåande høner og katter. Stort, barnevennlig tun med god plass til leik, her er både sandkasse, husker og trampoline. Vi har også elbil for barna. Begge husa har sjølvsagt hagemøbler og grill i tillegg til utepeis.

Hus nr. 20 er eit stabbur frå 1850 med 50 m2 buflate + svalgang. I første etasje er det et soverom med 6 sengeplassar (2 sett dobbelseng med køyeseng over), dusj/wc. I andre etasje er det stue med kjøkkenkrok. Stua har langbord og sofagruppe (enkel sovesofa), Fjernsyn med DVD og rikspakke.

Hus nr 21 er eit stabbur frå 1770-åra med 50 m2 buflate + svalgang. I første etasje er det stue med kjøkkenkrok, langbord og sofagruppe (enkel sovesofa), fjernsyn. Kjøkkenkroken har minikjøkken med kjøleskap og el.plater og elles godt utstyrt til 6 personar Dusj/wc. I andre etasje er det et stort soverom med 6 sengeplassar ( 2 sett dobbeltseng med køyeseng over).

Tilgang til trådløst nettverk.
Bø sommarland og Telemarkskanalen ligg bare ein liten biltur unna.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Bø AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad