Bøverdalen
Bøverdalen vandrerhjem og camping
Bøverdalen vandrerhjem ligg i Bøverdalen i Lom, mot Sognefjellet, og er eit ypperleg startpunkt for vandring, skiturar og toppturar i Jotunheimen.
Bøverdalen vandrerhjem ligg langs Sognefjellsvegen, rett ved avkøyringa til Galdhøpiggvegen, som tek deg til Raubergstulen, Galdhøpiggen sommarskisenter og Juvasshytta, som er startpunkt for turen til Galdhøpiggen.
Her er det kort veg til Jotunheimens flotte natur, anten du likar å sykle, gå på ski, ta føtene fatt eller fiske.
Bøverdalen Vandrerhjem har trivelege rom og opphaldsrom, og tilbyr overnatting i rom av ulike størrelser med felles bad i gangen. Du har også tilgang til kjøkken med utstyr.
På campingplassen er det hytter i ulik storleik. Alle har eigen kjøkenkrok og wc og dei fleste har dusj. Sengene er utstyrt med dyne og pute. Sengeklede kan leigast.
Stor campingplass for både telt, campingvognar og bubil. Tilgang til strøm. Moglegheit for lading av el-bil. Eige sanitæranlegg med vaskemaskin og tørkerom.
Det er òg ein eigen bygning med skistall som består av 4 smørerom til preparering av ski, samt til oppbevaring. Gode parkeringsmoglegheiter og 50 meter til døgnope daglegvarebutikk og post - Prix Bøverdalen.

Kilde: Visit Jotunheimen AS
Bøverdalen vandrerhjem og camping