Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Bøverdalen Veksthågå

Bøverdalen Veksthågå er ein liten markedshage i Lom - som sel lokale grønsaker og urter via sjølbetjening eller abonnement.

Bøverdalen Veksthågå er ein liten markedshage mellom fjella i Lom som dyrkar kortreiste og usprøytte grønsaker.Mellom fjella i Lom ligg markedshagen Bøverdalen Veksthågå. På 524 moh dyrkar vi usprøytte grønsaker som selgast lokalt. 

Markedshagen blei starta opp og hadde sitt fyrste produksjonsår i 2022. På same areal som markedshagen har det vore dreve kjøkenhage gjennom fleire generasjoner, både til sjølvberging og til salg. Markedshagen blir dreve av Ingvild Visdal Aukrust, som er oppvakse på garden kor hagen befinn seg, Sygard Aukrust. 

Produkt: 
Bøverdalen Veksthågå dyrkar grønsaker på friland og aler opp alle plantene sjølve. Dei har som mål å levere lokale råvarer med høg kvalitet. I 2023 starta dei testing av ein liten variasjon av drivhusvekster i eit uoppvarma drivhus på 24 kvm. Der vil dei dyrke tomat, agurk, basilikum og stangbønner. Å dyrke mange ulike sorter er ein av vår særegenheit, og gjer at vi kan tilby ein stor variasjon grønsaker til alle kunder. Her haustar dei etter kva sesongen gjev oss, då sesongen kan by på ulikt vær og forhold som vi ikkje rår over.

Bøverdalen Veksthågå dyrkar mellom anna:
- Bladvekster som eikebladsalat, crispy salanova, hjertesalat, asiasalat og ruccola
- Laukar som vårlauk, salatlauk, purre, gul lauk, raud lauk og kvitlauk
- Rotgrønsaker som gulrot, pastinakk og sellerirot
- Rødbeter
- Agurk og tomat
- Belgvekster som sukkererter, stangbønner og buskbønner
- Kålvekster som mellom anna reddik, nepe, brokkoli, brokkolini, blomkål, knutekål, romanesco, kålrot, spisskål, hodekål, rosenkål m.m.
- Frilandsagurk, squash, gresskar, stangselleri og ferske urter

Dei kortreiste grønsakene er dyrka på ein måte som ivaretek jordlivet, og på den måten legger til rette for god matjord og matproduksjon i framtida. Bøverdalen Veksthågå jobbar for å fremme større biologisk mangfold og minimere forstyrring av livet i jorda. Dei nyttar ikkje sprøytemidlar og kunstgjødsel på grønsakene sine, og nyttar i all hovudsak norskproduserte frø, og aler opp småplanter sjølve.

​Bøverdalen Veksthågå driv fyrst og fremst med direkte sal til private kunder og bedriftskunder. Private kunder kan handle gjennom sjølvbetjeningsbu eller via abonnementsordning: 

Sjølvbetjeningsbu: 
I sjølvbetjeningsbua kan du handle lokale ferske grønsaker frå Lom på faste opningsdager. Vi har ei sjølvbetjeningsbu lokalisert i oppkjøringa til vegen der markedshagen ligg (Kvålsvegen 12, 2686 Lom) og det er planlagt å sette opp ei bu til i Lom sentrum i løpet av sommaren.

Abonnement på grønsakspose: 
Nytt av sesongen i 2023 er at vi skal teste ut grønsaksabonnement. Ved påmelding vil du få ein pose med ferske lokale grønsaker kvar veke ei periode i høgsesongen. Innhaldet vil variere ettersom kva som er hausteklart.

Nettbutikk

I år skal vi også teste ut bestilling via nettbutikk. Bestilling i nettbutikken kan vere tilgjengeleg i periodar i sesongen når vi har overskot av ferske grønsaker og ynskjer å benytte nettbutikk som salskanal. Når det er mogleg å bestille noko vil det ligge tilgjengeleg i nettbutikken. Varane som bestillast må hentast lokalt.

Last updated: 03/14/2024

Source: Visit Jotunheimen AS

Bøverdalen Veksthågå

Sider du nylig har besøkt