Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Bø i Telemark

Bø gamle kyrkje

  • Stasjonsvegen 26, Bø i Telemark
  • +47 35061040
  •  /  km From You
Overview

Bø gamle kyrkje høyrer til ei rekkje steinkyrkjer i romansk rundbogestil her i landet frå tidleg mellomalder. Vi finn fleire av dei også her i Telemark. Av desse er Seljord, Kviteseid og Bø gamle kyrkje mest like og difor truleg bygd av dei same bygningsfolka.

Kyrkja i Bø er bygd rundt 1180, og ho er vigsla til St. Olav. Den halvrunde apsis i koret er bygd til noko seinare.
Det ein har att av inventar frå mellomalderen er krusifikset over korbogen, ei smijarns ljosekrone og eit antemensale av tre med fleire biletfelt (med kroninga av Maria i det store midtfeltet). Nisjene med bogekvelv på begge sider av kordøra er der og, sjølv om dei ikke har nokon funksjon lenger som sidealtar. Etter reformasjonen vart den eine inngangsdøra på sørveggen, i katolsk tid sikkert prosesjonsdør, delvis mura att til eit mindre vindauge. Den enkle og vakre inngangsportalen kan ein likevel sjå ute. To av vindauga er og utvida ein god del for å skaffe meir ljos - slik den nye lutherske gudstenestereforma med Ordet i sentrum måtte kreve.

Samstundes har kyrkja etter kvart fått det interiøret ho har nå. Dei eldste av benkene har inskripsjon frå 1579. Oppe i koret på begge sider av altaret er det nokre interessante panelbilete frå ca. 1650. Det er biletgåter som skal illustrere eit bibelord eller eit ordtak.
Preikestolen med portal, vestgalleriet og altartavla er og frå 1650-åra, og måling av alt dette vart gjort i 1685-87 - i rike og djupe fargar som står godt til dei kvite murane.

Altartavla har fleire biletfelt med Kristus på krossen i sentrum og øvst i trekanten Guds auge med Guds namn Jahve i hebraiske bokstavar. Preikestolen og portalen til denne har inskripsjonar med bibelord, og på portalen ser vi dessutan Kristus som verdsherskaren - med jordkloden i handa. Galleriet har 9 bibelfelt som syner dei store hendingane i bibelsoga frå skapinga til domedag.

Domkyrkjearkitekt Wilhelm Swensen gjev denne karakteristikken av Bø gamle kyrkje i ein artikkel: "Den eier noe eget som hevder den mot domens overdådige prakt av stenblomster og skulpturer av tårn og tind - den har markblomstens renhet og ynde, den eier det hellige enfold, som kanskje er det vanskeligste oppnåelige i kunsten"


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Bø AS
Click to activate
Bø i Telemark, Norway
The latitude and longitude
59° 24' 34" N / 9° 3' 14" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad