Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Bø i Telemark

Bø nye kyrkje

  • +47 35061040
  •  /  km From You
Overview

Bø nye kyrkje er bygd som langkyrkje i nygotisk stil. Det er ikkje kjent kven som har teikna kyrkja, men truleg er det same person som står bak kyrkja både i Lunde og i Bø. Desse kyrkjene er så like, at det er grunn til å tru at dei same teikningane er lagt til grunn.



Vedtaket om å byggje nykyrkja blei fatta i 1869. Ho skulle ha 700 sitjeplassar, og såleis vart det ikkje behov for noko kapell. Gratis teikningar og fri grunn både til bygning, kyrkjegard og ny veg vart gjevne. Ein privat entreprenør starta arbeidet, men det vart snart overteke av kommunen. Kyrkja vart vigsla av prost Bent Wettergren i Soum i biskopen sitt fråvær den 3. juni 1875.



Kyrkja var sparsomt utstyrt til å begynne med. Først i 1882 stod det ferdig eit nytt orgel med 8 stemmer. Ein hadde ikkje råd til å tilsetje organist, og første organist vart ikkje tilsett før i 1888.



Bygdefolk og organisasjonar har gjeve mange gåver. På denne måten har dei vist at dei er interessert og glad i kyrkja si. Salmetavle, ljosestakar og ljosekrone, altarduk, klede på preikestolen, den vakre grøne messehagelen: alt er gåver. Bondekvinnelaget har gjeve dei to vakre brurestolane.



Kyrkja fekk ny altartavle etter siste verdskrigen, etter at det vart gjeve økonomisk stønad til oppussing og utsmykking. Den rike treskruden på altartavle, preikestok, klokkarstol og galleri vart for det meste utført av kunstnaren Halvor Slettemeås. Dei tre bileta i den nye altartavla er måla av Victor Sparre.



I 1965 finansierte så Bø kommune nytt orgel til kyrkja. Det er eit fint instrument, bygd av Jørgensens orgelfabrikk i Oslo. Det har to manual og pedal samt 18 stemmer.



I samaband med 100-års jubileet i 1975 vart kyrkja pussa opp utvendig og innvendig, noko som vart mogleg takka vere generøse løyvingar frå Bø kommune. Men også nå vart det gjeve mange private gåver til kyrkja, m.a. golv-løparane og høgtalaranlegget med teleslynge. Ny altarduk vart gjeve til sjølve jubileumsdagen.



I dei siste åra har det vorte naudsynt med ei utviding av kyrkjegarden og ein har laga ny handicapinngang. Det har og kome ny mur rundt bautaen på plassen framfor kyrkja. Utviding og mursetting av kyrkjegarden er vorte mogleg gjennom kommunale løyvingar.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Bø AS
Click to activate
Bø i Telemark, Norway
The latitude and longitude
59° 24' 34" N / 9° 3' 13" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad