Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Loen

Bødalseter

Bødalseter ligg på 585moh i Jostedalsbreen nasjonalpark. Setra som står der i dag er oppattbygd etter ei rasulukke i 1893.

Ved enden av Lovatnet finn ein Bødalen, her i frå går det ein bomveg opp til Bødalseter. Vegen til Bødalseter er ca 5 km lang og er asfaltert heilt opp til parkeringsplassen. Vegen egnar seg for personbilar då den er smal og kronglete på enkelte plassar. Ved vegs ende kjem ein til ein parkeringsplass, her i frå går det ein grusveg inn til Bødalsseter, denne korte gåturen tar om lag ti minutt å gå.

På Bødalseter finn ein eit område som er tilrettelagt for camping med telt. Det er viktig at dei som campar her held området fint og forlet det slik som ein fann det. Her er det god kapasitet for telt, eit fellesrom ein kan søke ly i , samt nokre plassar innandørs for overnatting. På campen finn ein to toalett og vask. Her er ingen straum, men der er solcellelys. Har du søppel skal det takast med nedatt til Bødalen der ein finn container å hive det i. Ein kan fint drikke vatnet i kranene på campen, eller hente frå elva som renn like ved. Inne på området finn ein benkar og eigne bålplassar, det er viktig å late att grinda til området slik at ikkje beitedyr kjem inn.
Her gjeld første mann til mølla” prinsippet, det er altså ingen booking. Men det kan vere ein fordel for større grupper å gi ein lyd før dei kjem.

Last updated: 08/14/2023

Source: Nordfjord

Bødalseter

Sider du nylig har besøkt