Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Førde i Hordaland

Børshovda

  • Børshovda, Førde
  • +47 53748000
  •  /  km From You
Overview

På den markerte fjelltoppen Børshovda (189 moh) finst det spor etter ei bygdeborg frå folkevandringstida. Turen til toppen tek 0,5 – 1 time gjennom gammal og særprega furuskog. Den kan òg kombinerast med rundtur om Mørketjødna. Ruta er teikna inn på Opplevingskartet utgitt av Sveio kommune.


 


Ta av frå E-39 i Førde, og følg vegen skilta til Erve ca 3 km. Turen startar på traktorveg like nord for vegen til Røykjenes. Parkering ved vegen.


 


Adresse: 5555 Førde i Hordaland


 


 


Startpunkt: Ta av frå E-39 i Førde, og følg vegen skilta til Erve ca 3 km. Turen startar på traktorveg like nord for vegen til Røykjenes.


Turkart: Opplevingskart for Sveio kommune


Parkering: Ved bru før Røykenes


Merking: Startpunkttavle, nasjonal merkestandard.


Gradering: Grøn (lett tur)


Høgdeskilnad: 40 – 189 moh.


Tidsbruk: 1 – 2 t.


Gode råd: Bruk gode sko.


 


Turomtale:


Gå ca 10 min. sørover langs vegen frå parkering ved brua, og ta til høgre på god skogsveg. Etter 15 min. på skogsveg, tar ein av på sti mot høgre. God sti i lett terreng, men bratt mot toppen, som ligg 189 moh.


 


Bygdeborga på Børshovda


Børshovda er ein markert fjelltopp med bratte sider. På toppen ligg restar av ei bygdeborg frå jernalderen. Bygdeborgene blei bygde på toppar som var vanskelege å komma til for fienden, og tente som tilfluktsstad for folk i bygda ved ufred og andre trugsmål. I dag er toppen overgrodd med skog, og murane har rast ut.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Haugesund & Haugalandet
Click to activate
Førde, Norway
The latitude and longitude
59° 36' 33" N / 5° 28' 32" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad