Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Bøverdalen vandrerhjem | Hostel og camping

Book

Bøverdalen vandrerhjem ligg ved vegen i Bøverdalen, mot Sognefjellet – eit ypperleg startpunkt for vandring, sommarski og toppturar i Jotunheimen.

Bøverdalen vandrerhjem ligg ved fylkesveg 55 i Bøverdalen, mot Sognefjellet – eit ypperleg startpunkt for vandring, sommarski og toppturar i Jotunheimen.

Her er det kort veg til mykje flott natur, anten du likar å sykle, gå på ski, ta føtene fatt eller fiske. Bøverdalen vandrerhjem ligg rett ved avkøyringa til Galdhøpiggvegen, som tek deg til Raubergstulen, Galdhøpiggen sommarskisenter og Juvasshytta, som startpunkt for turar til Galdhøpiggen. 

Overnatting: 
Bøverdalen Vandrerhjem har trivelege rom og opphaldsrom, og tilbyr overnatting i rom av ulike størrelser med felles bad i gangen. Du har også tilgang til kjøkken med utstyr. 

På campingplassen er det hytter i ulike størrelser. Alle har eigen kjøkenkrok og wc og dei fleste har dusj. Sengene er utstyrt med dyne og pute. Sengeklede kan leigast. 

Stor campingplass for både telt, campingvognar og bubil. Tilgang til strøm. Moglegheit for lading av el-bil. Eige sanitæranlegg med vaskemaskin og tørkerom. 


Det er òg ein eigen bygning med skistall som består av 4 smørerom til preparering av ski, samt til oppbevaring.
Gode parkeringsmoglegheiter og 50 meter til butikk og post - Coop Prix Bøverdalen.

Prisar: 
Frå 450,- enkeltrom
Frå 600,- dobbeltrom
Frå 780,- familierom (4,5 eller 6 senger)

Hytter frå 720,-
Frukost, niste og middag bestilles ved ankomst. 

Tillegg for kjæledyr på hytta kr 100,-

Tillegg: 
Leige av sengesett kr. 70,-
Leige av handklede kr. 25,-

Mat:
Frukost kr 115,-
Middag kr. 265,- / 165,-
Nistepakke kr 75,-
Termos med kaffe/te/varm saft kr 35,-
2 – retters middag servert på fat kr 245,- u/12 år kr. 145,-

Avbestillingsrutiner:
- 3-1 dagar før ankomst 50%
- ankomstdagen eller noshow 100%

Resepsjonen er open til kl. 22.

Last updated: 06/13/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Bøverdalen vandrerhjem | Hostel og camping

Book

Sider du nylig har besøkt