Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Onarheim

Badeplass i Flakkavågen

Badeplass i Flakkavågen

Skjergard med fleire holmar og strender som ligg sør for Tysnesøya.

Skjergard med fleire holmar og strender som ligg sør for Tysnesøya. Viktig fiskeområde. Ein lun og avskjerma våg med stille vatn gjer Flakkavågen til eit flott område for bading og padling. Mest lokale brukarar. Lengst inn i Flakkavågen er eit område registrert i Naturbase som strandeng og strandsump.

Berggrunnen på austsida av Tysnes inneheld mykje kalk som har vorte utnytta til kalkbrenning i fleire hundre år. Både kalkomnar og andre kulturminne i området. Den kalkrike grunnen gir området ein rik vegetasjon, og det er mellom anna store forekomstar av eføy og kristtorn i området. Flytebrygga ved butikken er ein gunstig stad å sette ut kajakk og kano.

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Badeplass i Flakkavågen

Sider du nylig har besøkt