Førde
BAdesKen // Førdehuset

JA, VI ELSKER DETTE LANDET - eit humorshow du ikkje har sett maken til!
Rare og artige saker frå landets lokalaviser har gjort BAdesKen til eit fenomen på sosiale medie.
No tar Ken André Ottesen med seg avisutklippa sine og legg ut på ein latterleg norgesturné for å fortelje folk om korleis dei og heimstaden deira eigentleg er.
Vil nordlendingane nokon sinne lykkast med å banne vekk snøen? Er vestlendingar verkeleg mindre begåva enn trønderen Er sørlendingar meir religiøse enn Jesus? Og er det eigentleg nokon andre enn østlendingar som bryr seg om østlendingar?
«Ja, vi elsker dette landet» er nyskrive kvar kveld, tilpassar seg geografisk og tar i særleg grad omsyn til innavl hos publikum.
Men først og fremst beviser BAdesKen at Norge ikkje berre er verdens beste land.
Det er også det morosamaste!
Kilde: Visit FjordKysten
BAdesKen // Førdehuset